Frukostseminar i Førde – Kva har Sydpolen med AI å gjere?

Kva har ein ekspedisjon til Sydpolen med AI å gjere?

Om du jobbar med ERP eller HRM finnst det mange likskapar;

Det er dumt å hive seg ut i det utan førebuing. Kjensla av det uendelege kan kome snikande. Ikkje gje opp!

Men, korleis skal vi kome i mål? Det handlar om motivasjon. Førebuing. Prioritering. Evna til å halde motet oppe når vala blir vanskelege. Karen Kyllesø fortel om motivasjonsmetodane hennar for å bli den yngste nokon gong som har gått til Sydpolen.
Ole Noer fortel om korleis Visma jobbar med AI, og korleis dei klarer å jobbe smartare for kvar dag.

Så om du jobbar med HRM eller ERP; Målet vårt med dette frukostseminaret er at du sit att med ny kunnskap om korleis du kan jobbe smart, ikkje hardt, enten du skal gå langt på ski eller lære å automatisere oppgåver.

Program:

08:00–08:30
Servering og mingling

08:30–08:45
Velkomen ved Columbi

08:45–09:30
Ole Noer er Head of AI i Visma Software Nordic. Korleis jobbar dei med AI? Ole deler innsikt i korleis Visma nyttar kunstig intelligens kring sine forretningssystem, og svarar på dei viktigaste spørsmåla:

  • Korleis kan eg omsetje AI til faktisk gevinst?
  • Kva nytteverdi har AI for meg og verksemda mi?
  • Finst det nokre use-case eg kan lære av? (Spoiler: Om du jobbar med ERP eller HRM er svaret JA)

09:30–09:45
Pause

09:45–10:45
Karen Kyllesø – friluftsjenta som blei først og størst. Karen er den yngste nokon gong som har nådd Sydpolen. Berre 21 år gamal kunne ho løfte det norske flagget over hovudet og vise at seks år med førebuingar var verdt det. No kjem ho til oss for å fortelje korleis ho held motet oppe, både i førebuingane heime og undervegs i den 54 dagar lange ekspedisjonen.

10:45–11:00
Oppsummerande mingling og muligheten til å bli kjent med oss i Columbi.

Frukostseminaret passar for deg som er:

  • Dagleg leiar
  • Bedriftsleiar
  • Økonomisjef
  • Leiar innan økonomi, IT, HR eller administrasjon

Praktisk info:

  • Frukostseminaret er på Elvesus Restaurant & Bar i Førde. Adressa er Elvevegen 13
  • Frukosten blir servert frå 08:00 til 08:30.
  • Arrangementet er gratis, men på grunn av matbestillingar er det ei no show avgift

Speakers

Karen Kyllesø

Karen Kyllesø

Friluftsjenta

Tidenes yngste til Sydpolen.

Vixen Awards 2025: Årets influensar – reise og friluftsliv.

Neste målet hennar er verdas kaldaste fjell:
Mount Denali.

Ole Noer

Ole Noer

Head of AI

AI-sjef i Visma Software Nordic.

Erfaren og resultatorientert produktsjef.

Ei retningsgjevande stemme i utviklinga av korleis vi bruker AI i dag, og korleis vi kjem til å ta det i bruk i framtida.

Arbeider med ERP, HRM og Vismas forretningssystem.